Kordan er det å vera norsk på Madagaskar?

Kaffi besøk med guttakrutt i byen
Elevane våre reiste heim, var så trist

Naboguttane som hjelpte på julefølelsen
Vennane våres hadde konsert i kyrkja, var så flinke<3

Å komma til eit anderledes land og kultur kan vera veldig utfordrande og du må læra å tilpassa deg ein anna kultur i forhold til normer, regler, skikk, språk og væremåte. Madagaskar er veldig anderledes enn Norge sånn åpenbart med tanke på fattigdom og språk, men også dei tingen du kanskje ikkje tenke på. Som være måte, folkene er så varme og vil ha deg med på alt og du føler deg alltid velkommen og varetatt. Det er så ufattelig gode egenskaper, som me i lille Norge har masse å læra av!

Det å vera norsk/kvit her er av og til for lett, og du får gå foran folk på visse ting. Og det syns eg absolutt ikkje er greit, uansett nasjonalitet, land, religion og farge er alle lika mye verdt og burde bli stilt på samme linje på alle mulig ting. Eg merka dette spesielt godt når eg og Elise var på sjukehuset for to veker sida sinn eg har slete ein del med magen den sist mnd (endelig bra igjen no!!) Då var det mange folk som satt og stod i kø for å komma inn til legen, mens eg måtte berre venta i rundt 10 minutter og fekk gå før mange andre. Og sånne ting blir eg provosert av og syns ikkje er greit, uansett om eg er kvit skal ikkje eg få ha noen større fordeler enn andre.

Har også møtt på litt negativt med å vera nordisk/kvit for eksempel vertfall når me tar bajaji til og frå jobb så prøver alltid sjåførane og ta så høg pris fordi dei trur me ikkje har peiling på kulturen her og kva som er vanlig og gi, men det har me. Også trur dei me er rike. Eg veit ikkje kor mange gonger me har sagt på gassisk at me kan språket og at me ikkje er turister og at dei ikkje trenger å prøva seg på høg pris fordi me er kvite. Med ein gong du snakker språket og når me har sagt detta til dei får me respekt med ein gong.

Det mangler heller ikkje på oppmerksomheten både rundt jenter og gutter og forespørsler på nummer, kor me bur og om me vil komma på besøk til dei. Det er selvfølgelig koselig og er jo sånn me får oss venner, men i noen sammenhenger er det vanskelig å veta kva dei vil, om du vil bli venner med oss eller om det er penger dei er ute etter. Det har ikkje skjedd mange gonger, men har vore eit tilfelle. Men når det er sagt har me fått oss masse venner og det er så kjekt å få høre litt korleis det er å vokse opp og bu her på Madagaskar. Og det er kjempe kjekt når folk går bort og starter ein samtale på gata, eg får ofte praktisert gassisken og hjelper folk med å snakke litt engelsk!

Tenkte det var greit å få eit lite innblikk korleis eg syns det er å vera norsk her og korleis eg opplever forskjellene. Må berre avslutta med at Madagaskar er fantastisk, alle burde ta seg ein tur. Uansett om det er for ei veka, mnd eller eit år.

– Synne

Leave a comment